Klesbytedag 14. november
Vi gjentek suksessen frå i vår, og inviterer til ny klesbytedag i samarbeid med Eid frivilligsentral, Naturvernforbundet i Eid og flotte, engasjerte frivillige!
Konseptet er enkelt – frå måndag 9. november til fredag 13. november kan du levere inn pent brukte kle og sko på biblioteket. Dei må vere heile og reine, og du kan levere inn 8 plagg. For kvart plagg du leverer inn, får du ein bytekupong. Laurdag 14. november mellom 11.00 – 14.00 kan du kome og hente ut nye plagg du måtte ha lyst på, du kan hente eitt plagg per kupong du har fått tidlegare i veka.
Dette er ein super og miljøvenleg måte å oppgradere garderoben på, eller sende vidare plagg du sjølv ikkje nyttar lenger. Vinn-vinn!
Biblioteket har som vanleg ope mellom 11.00 – 14.00, og Eid Røde Kors stiller med gratis kaffi og vafler til alle!
Velkomne til oss!
Trykk gjerne SKAL på Facebook-arrangementet vårt!
