Litteraturbåten Epos kjem til Selje med Ylva og villgeitene
Fredag 9. juni kl. 10:00 kan du få med deg den fine forteljarframsyninga “Ylva og villgeitene”, basert på boka med same namn av Vanylvs-forfattar Hilde Myklebust! Framsyninga passar godt for barn frå 4 til 9 år.
Gratis inngang for alle, og enkel kiosk ombord.
Båten ligg til kai ved hurtigbåtkaia i Selje sentrum. Velkomne!
Den dramatiserte lesinga av Ylva og villgeitene er utvikla med støtte frå Norsk kulturråd.