SeniorUni: Pioneren Anna Rogstad med professor Willy Aagre

Dato

Tid

Stad

Biblioteket på Nordfjordeid

Velkomen til nytt digitalt føredrag om pionerkvinna Anna Rogstad!

Willy Aagre fortel historia om Anna Rogstad, den første kvinna som tok plass på Stortinget. Eit inspirerande foredrag om kampen for stemmerett, politiske gjennombrot og betydninga av éi kvinne som bana veg for mange. Gjennom forteljinga om Rogstad får vi innblikk i ei viktig tid i norsk historie, då kvinner kjempa for politiske rettar og moglegheiter. Dette er historia om mot, pionerånd og samfunnsendring.

Dette føredraget blir vist i opptak. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter føredraget er det mogleg å få datahjelp.

 

Om SeniorUni

Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg!

SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne. Kvart føredrag har eit tema som kan omhandle til dømes samfunn, politikk, historie, kultur, helse og reiser. Føredragshaldarane er kjende ekspertar, forskarar og formidlarar, og mange av desse vil du kjenne att frå nyhende og media. 

Vi viser føredrag kvar måndag kl. 11:00 på aktivitetsrommet. Det vil variere om føredraget er direktestrøyma eller om det er eit opptak. Det er gratis å delta, og det er ingen påmelding. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter foredraga er det mogleg å få datahjelp.

SeniorUni- arrangementa er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Eid frivilligsentral og SeniorUni.