SeniorUni: Dei to verdskrigane med Arnt Stefansen
Velkomen til nytt digitalt føredrag med NRK-legenda Arnt Stefansen!
To krigar som for alltid forma Europa og verda. Arnt Stefansen, mangeårig NRK-korrespondent, tek oss gjennom hendingane, avgjerdene og menneska som førte til dei to verdskrigane, og viser korleis etterverknadene framleis pregar Europa i dag. Foredraget er eitt av fem i ein serie om historia til Tyskland og Europa, for deg som vil forstå korleis fortida forma vår eiga tid.
Dette føredraget blir strøyma direkte. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter føredraget er det mogleg å få datahjelp.
Om SeniorUni
Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg!
SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne. Kvart føredrag har eit tema som kan omhandle til dømes samfunn, politikk, historie, kultur, helse og reiser. Føredragshaldarane er kjende ekspertar, forskarar og formidlarar, og mange av desse vil du kjenne att frå nyhende og media.
Vi viser føredrag kvar måndag kl. 11:00 på aktivitetsrommet. Det vil variere om føredraget er direktestrøyma eller om det er eit opptak. Det er gratis å delta, og det er ingen påmelding. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter foredraga er det mogleg å få datahjelp.
SeniorUni- arrangementa er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Eid frivilligsentral og SeniorUni.
