SeniorUni: «Utvandring: En norsk-amerikansk historie» med Trond Bjoland
Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg!
SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne. Kvart føredrag har eit tema som kan omhandle til dømes samfunn, politikk, historie, kultur, helse og reiser. Føredragshaldarane er kjende ekspertar, forskarar og formidlarar, og mange av desse vil du kjenne att frå nyhende og media.
Vi viser føredrag kvar måndag kl. 11:00 på aktivitetsrommet. Det vil variere om føredraget er direktestrøyma eller om det er eit opptak. Det er gratis å delta, og det er ingen påmelding. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter foredraga er det mogleg å få datahjelp.
Velkomen til nytt digitalt føredrag, denne gongen med temaet utvandring!
Trond Bjoland fortel historia om den store norske utvandringa til Amerika. I dette foredraget følgjer han menneska, draumane og vala som batt Noreg og USA saman – og som sette varige spor i begge samfunn.
Foredraget blir vist i opptak. Det blir enkel servering og det er høve til å ete lunsj i lag. Lunsj kan også kjøpast i kantina på Eid vidaregåande skule.
SeniorUni- arrangementa er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Eid frivilligsentral og SeniorUni.
