SeniorUni: «Fra sild til sushi» med Annechen Bahr Bugge

Dato

Tid

Stad

Biblioteket på Nordfjordeid

Velkomen til nytt digitalt føredrag, denne gongen om norsk matkultur!

Korleis gjekk vi frå søndagsmiddag med sild og poteter til sushi og street food i kvardagen? I dette foredraget tek professor Annechen Bahr Bugge oss med på ei reise gjennom historia til det norske kosthaldet – og kva endringane fortel om samfunnet vi lever i. Eit foredrag om mat, identitet og ei Noregshistorie du kan smake på.

Dette føredraget blir streama direkte. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter føredraget er det mogleg å få datahjelp..

 

Om SeniorUni

Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg!

SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne. Kvart føredrag har eit tema som kan omhandle til dømes samfunn, politikk, historie, kultur, helse og reiser. Føredragshaldarane er kjende ekspertar, forskarar og formidlarar, og mange av desse vil du kjenne att frå nyhende og media. 

Vi viser føredrag kvar måndag kl. 11:00 på aktivitetsrommet. Det vil variere om føredraget er direktestrøyma eller om det er eit opptak. Det er gratis å delta, og det er ingen påmelding. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter foredraga er det mogleg å få datahjelp.

SeniorUni- arrangementa er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Eid frivilligsentral og SeniorUni.