SeniorUni: KI, demokrati og sosiale medium med professor Petter Bae
Velkomen til nytt digitalt føredrag for deg som vil lære meir om kunstig intelligens!
Korleis påverkar kunstig intelligens og sosiale medium meiningane våre, vala våre og sjølve demokratiet? Professor Petter Bae Brandtzæg, ein av Noregs fremste ekspertar på kunstig intelligens og digital samhandling, gir eit innblikk i teknologien som endrar måten vi får informasjon på, dannar oss meiningar på og deltek i samfunnet på. Eit aktuelt og tankevekkjande foredrag for alle som vil forstå kreftene bak skjermen.
Dette føredraget blir strøyma direkte. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter føredraget er det mogleg å få datahjelp.
Om SeniorUni
Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg!
SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne. Kvart føredrag har eit tema som kan omhandle til dømes samfunn, politikk, historie, kultur, helse og reiser. Føredragshaldarane er kjende ekspertar, forskarar og formidlarar, og mange av desse vil du kjenne att frå nyhende og media.
Vi viser føredrag kvar måndag kl. 11:00 på aktivitetsrommet. Det vil variere om føredraget er direktestrøyma eller om det er eit opptak. Det er gratis å delta, og det er ingen påmelding. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter foredraga er det mogleg å få datahjelp.
SeniorUni- arrangementa er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Eid frivilligsentral og SeniorUni.
