SeniorUni: «Preussens storhetstid» med Arnt Stefansen
Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg!
SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne. Kvart føredrag har eit tema som kan omhandle til dømes samfunn, politikk, historie, kultur, helse og reiser. Føredragshaldarane er kjende ekspertar, forskarar og formidlarar, og mange av desse vil du kjenne att frå nyhende og media.
Vi viser føredrag kvar måndag kl. 11:00 på aktivitetsrommet. Det vil variere om føredraget er direktestrøyma eller om det er eit opptak. Det er gratis å delta, og det er ingen påmelding. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter foredraga er det mogleg å få datahjelp.
Først ut er det direktesende føredraget «Tysklands historie i seks deler: Preussens storhetstid» med Arnt Stefansen.
Korleis vart ein liten, fattig utkant av Europa til stormakta Preussen – opphavet til det moderne Tyskland? Arnt Stefansen, mangeårig NRK-korrespondent, tek oss med til Fredrik den store og ei tid då Preussen sette sitt preg på heile det europeiske maktbiletet. Foredraget er eitt av fem i ein serie om historia til Tyskland og Europa – for deg som vil forstå Europa slik det vart forma.
Arrangementa er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Eid frivilligsentral og SeniorUni.
