SeniorUni: Sjakk med Torstein Bae
Velkomen til nytt digitalt føredrag for alle som har interesse for sjakk, inkludert deg som ikkje kan reglane!
Torstein Bae er Noreg si mest kjende sjakkstemme og den fremste formidlaren av spelet her til lands. No rullar han opp det store lerretet med sjakken si reise gjennom 1500 år som bakteppe. Du får høyre om vikingane sitt grusomme spel, og kvifor dronninga dominerer brettet medan kongen gøymer seg i hjørnet. Det blir juksing, geni, katastrofale tabbar og konspirasjonsteoriar. Og sjølvsagt om det store eventyret om verdsmeisteren frå Lommedalen!
Med sitt vanlege gode humør gjev Torstein Bae deg eit univers av merkelege skapningar og meisterlege trekk.
Dette føredraget blir streama direkte. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter føredraget er det mogleg å få datahjelp..
Om SeniorUni
Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg!
SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne. Kvart føredrag har eit tema som kan omhandle til dømes samfunn, politikk, historie, kultur, helse og reiser. Føredragshaldarane er kjende ekspertar, forskarar og formidlarar, og mange av desse vil du kjenne att frå nyhende og media.
Vi viser føredrag kvar måndag kl. 11:00 på aktivitetsrommet. Det vil variere om føredraget er direktestrøyma eller om det er eit opptak. Det er gratis å delta, og det er ingen påmelding. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter foredraga er det mogleg å få datahjelp.
SeniorUni- arrangementa er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Eid frivilligsentral og SeniorUni.
