Sommarles- fest på Nordfjordeid
Velkomen til Sommarles-fest!
Vi inviterer alle som har vore med på Sommarles 2025 til kjekke festar for å feire lesegleda og gjere stas på dei ivrige lesarane som verkeleg har stått på denne sommaren!
Du er velkomen på fest:
– laurdag 6. september kl. 12.00–13.30 på biblioteket på Nordfjordeid
eller
– laurdag 13. september kl. 12.00–13.30 på biblioteket i Selje
Det blir konkurransar med fine premiar, litteratursti,
utdeling av diplom som viser kor mykje du har lese, og lett servering med frukt og saft. Dersom du har fleire premiar du skal hente, kan du sjølvsagt få dei denne dagen.
MERK: Vi trekk vinnarane av konkurransane kl. 13.15!
Ta med deg heile familien og kom – vi gler oss til å feire lesegleda saman med dykk!
Og du – det er same kva fest du møter opp på, kom den dagen det passar deg best! 🙂
Trykk gjerne SKAL på Facebook-arrangementa våre: Sommarles-fest i Selje | Sommarles-fest på Nordfjordeid
