
Sommarles-markering Selje
Velkomen til markering av årets Sommarles-sesong!
I år har vi hatt rekordmange 314 deltakarar i Sommarles, som til saman har lese 384 202 sider fordelt på 3 981 bøker! Det er heilt spinnvilt mykje, og gratulerer til ALLE deltakarar med superbra innsats!
Tysdag 24. september 14:00 – 18:30 inviterer vi til ei lita Sommarles-markering på biblioteket i Selje! Det blir utdeling av gratis Sommarles-effekter, du kan hente deg premiar du har til gode, eller få ein lese-diplom om du ynskjer det. Det blir også trekking av fine premiar, og eit aktivitetsbord med teiknesaker og spel.
Trykk gjerne SKAL på Facebook-arrangementet vårt!