Sommarles
Frå 1. juni kan alle 1. – 7.-klassingar i Stad vere med på Sommarles saman med barn frå heile Noreg. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 164.000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.
- Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
- Sommarles.no er for barn i 1. – 7. klasse og varer fra 1. juni til 31. august.
- Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
- I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket.