«Utvandrerne» – foredrag med Svein Indrelid

Dato

Tid

Stad

Biblioteket på Nordfjordeid

I høve utvandrarjubileet «Crossing 200» er forfattar og professor i arkeologi Svein Indrelid på turné i fylket. Han kjem til Stad bibliotek onsdag 24. september kl. 19:00 og vil halde foredrag om boka si, Utvandrerne, som kom ut hausten 2024.

I boka følger vi ei gruppe menneske frå Flåm, Aurland og Lærdal som våren 1844 drog til Bergen – der steig dei ombord på skipet Juno for å krysse havet til Amerika. Forteljinga er basert på eit stort kjeldemateriale, og tek lesaren tett på fortidas draumar og verkelegheit – og på korleis det er å bygge livet på nytt i eit ukjent land. Opplevingane til desse er langt på veg dei same som dei fleste norske emigrantar hadde i pionertida i 1840-åra. Boka er difor ikkje først og fremst lokalhistorie, men eit stykke norsk emigrasjonshistorie.

Forfattaren Svein Indrelid er professor emeritus i arkeologi frå Universitetet i Bergen. Han har gitt ut ei rekkje artiklar og bøker om kulturhistorie og arkeologi. Indrelid er frå Flåm og bur i Bergen.

Billettar:
Foredraget er gratis, men krev at du hentar deg ut ein gratisbillett. Denne kan du bestille sjølv på denne nettsida, eller du kan få den i skranken på biblioteket.

Foredragsturneen er støtta av Vestland fylkeskommune, og lokal arrangør er Stad bibliotek og Operahuset Nordfjord.

Om Utvandrarjubileet:
I 2025 markerer Noreg at det er 200 år sidan den fyrste organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika starta. Dette blir feira gjennom heile året med Crossing 200- jubileet, som består av ei rekkje store og små arrangement over heile landet. Du kan lese meir om Crossings 200 på heimesidene til Utvandrermuseet.