VEKE17 – Berekraftsveka 2026
Veke 17 er berekraftsveka til biblioteka, og over heile landet inviterer bibliotek til arrangement og aktivitetar som viser korleis biblioteka er berekraftige, og gjev deg inspirasjon og kunnskap til sjølv å kunne leve endå meir berekraftig.
På biblioteka i Selje og på Eid inviterer vi til kjekke aktivitetar gjennom denne veka.
Program
Heile veka:
- kom og lån deg frø frå frøbiblioteket!
- forsyn deg med gratis magasin og vekeblad
- På Nordfjordeid: lever inn kle til klesbytedag som skal vere laurdag 25. april
- I Selje: lever inn kle til klesbytedag som skal vere måndag 20. april
Søndag 19. april – tjuvstart på berekraftsveka
Har du lyst å tjuvstarte berekraftsveka? Få med deg Stad kino si visning av «Morgendagens helter» søndag 19. april kl. 13:30, med panelsamtale i etterkant! Sjå meir info og finn link til billettar på facebook-arrangementet deira!
Måndag 20. april
- Nordfjordeid: lesestund for barnehagane
- Selje: Klesbytedag 16:30 – 18:30! Du kan levere inn plagg fredag 17. april 09:00 – 14:00 og måndag 20. april 09:00 – 16:30. Arrangørar er Malene Bortne og Selje frivilligsentral. Sjå Facebook-arrangementet for meir info!
Tysdag 21. april
- Nordfjordeid: lesestund for barnehagane
Onsdag 22. april
- Selje: lån deg gratis sports- og fritidsutstyr på BUA Selje! Ope 09:00 – 14:00.
- Nordfjordeid: Foredraget «Gode dyrkingsråd» kl. 19:00.
Foredrag der du får matnytting kunnskap om praktisk dyrking på ein berekraftig måte, med gartnar Johannes Nome. Arrangementet er eit samarbeid mellom Stad bibliotek Nordfjordeid og Eid hagelag. Gratis, men krev gratisbillett. Bestill din billett her!
Torsdag 23. april
- Selje: lesestund for barnehagane
- Selje: lån deg gratis sports- og fritidsutstyr på BUA Selje! Ope 14:00 – 17:00.
- Selje: «Sy- Hekle – Fixe – Strikke» kl. 17:00 – 20:00
Velkommen alle som vil reparere noko, sy eller hekle eit kvart. Vi har to symaskiner som ein kan låne når ein er her, men ta gjerne med deg di eiga maskin om du har! Vi har og masse tråd, stoff, strikkepinnar m.m som du kan bruke. Arrangementet er i regi av Selje frivilligsentral og Stad bibliotek avd. Selje.
Laurdag 25. april
- Nordfjordeid: Berekraftig FAMILIElaurdag kl. 11:00 – 14.00
Velkomen til familielaurdag med kjekke aktivitetar!- Så-dag! Hos Grøn integrering kan du så deg anten solsikke, grønkål eller sukkererter!
- Klesbytedag – lever inn reine og heile kle og sko gjennom veka (frå måndag 20. april tom. fredag 24. april) og få klesbytelappar i retur. Lappane kan du byte inn i nye plagg på laurdagen. Merk: du kan levere inn maks 8 plagg!
- Konkurransar i biblioteket – vinn kjekke kinopremiar.
- Gratis kaffi og vafler frå Eid Røde Kors omsorg sin laurdagskafé..
