Vinterferieaktivitetar på biblioteket i Selje

Dato

Tid

Stad

Biblioteket i Selje

Velkomen til biblioteka våre i Vinterferien!

Biblioteket i Selje har ope kvar dag i vinterferien 09:00 – 15.30. Her er det kjekt å vere, stikk innom oss når det passar for deg! Du kan teikne eller spele eit spel, prøve golvsjakk eller låne noko kult utstyr frå BUA! Og så kan du sjølvsagt låne deg kjekke bøker!

Vi har også nokre aktivitetar kvar dag:

  • Måndag 17. feb kl. 13.00-14.00: Måndagssterk trim – kom i aktivitet med Ida, passar for barn, vaksne og eldre i alle aldrar!
  • Tysdag 18. feb kl. 12.00 – 13.30: Språkkafé – møt nye vener og lær deg eit nytt språk!
  • Onsdag 19. feb – kom og prøv sjakkrommet vårt, eller lær å spele sjakk av Jon Inge.
  • Torsdag 20. feb 11.00 – 12.00: Babysong – fin songstund for dei aller minste.
  • Fredag 21. feb 14.30 – 15.00: Kom og prøv den nye dansesalen på slutten av dagen!

Velkomen innom!

Du er velkomen til å følgje Facebook-arrangementet vårt, trykk gjerne «skal» på dette om du planlegg å ta turen innom!