Les digitale aviser og tidsskrift

Pressreader er ei digital teneste som gir tilgang til over 7000 aviser og tidsskrift frå heile verda.

Korleis brukar eg tenesta?

For å få tilgang til Pressreader på mobil og nettbrett, må du laste ned appen Pressreader og kople deg på nettverket på biblioteket. Deretter har du full tilgang til PressReader i 7 dagar – du må altså innom biblioteket kvar 7. dag for å få oppdatert tilgangen.

På pc går du inn på Pressreader.com medan du er på biblioteket sitt nettverk. 

Tilgang når du er i biblioteket

Kople til nettverket Kommune-Gjest og opne deretter appen PressReader. Last ned så mange tidsskrift og aviser du ynskjer. Dei neste 7 dagane får du tilgang frå den same eininga sjølv om du ikkje bruker biblioteket sitt nettverk.

Tilgang når du ikkje er på biblioteket

Logg inn i biblioteket sin database med lånenummer og pin-kode. Pass på at du brukar nettversjonen. Lånenummeret ditt står under strekkoden på lånekortet ditt. Deretter dukkar det opp eit nytt menyval – nedst til venstre.

Meir om digitale aviser og tidsskrift via Pressreader

Med fullteksttilgang til over 7000 tidsskrift og aviser frå heile verda er Pressreader eit svært godt tilbod til deg som er interessert i å lese internasjonalt stoff. Til dømes utanlandske aviser eller magasin på andre språk enn norsk.

I tillegg inneheld tenesta ei rekkje norske aviser, til dømes Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen og Bergens Tidende. Du kan dermed få tilgang til dei store riks- og regionavisene sjølv om vi ikkje abonnerer på papiravisa.

“Quick start guide” på nettsida til Pressreader (engelsk).