Lån e-bøker og lydbøker gratis
I appen Biblio kan du låne gratis e-bøker og lydbøker frå folkebiblioteket.
Merk: frå mai 2026 vil den nye appen Biblio erstatte den gamle BookBites- appen. Dette gjeld alle lånarar i folkebibliotek og i dei vidaregåande skulane. Tidligare BookBites-lånarar har no fått melding i BookBites om at BookBites blir til Biblio. Begge appane fungerer side om side frem til 11. mai, slik at alle får god tid til å laste ned Biblio. Last ned den nye Biblio-appen der du vanlegvis lastar ned dine appar.
Korleis tek du i bruk Biblio?
Har du ein BookBites-brukar frå før?
Då må du laste ned den nye Biblio-appen. Då skal du ikkje opprette ein ny brukar i Biblio, men logge inn med same brukernavn/e-post og passord som du brukte i BookBites. Då får du med deg alle noverande lån, historikk og hugselister over i den nye appen. Ikkje slett BookBites-appen før etter at du har fått logga deg inn i Biblio. Har du gløymt passordet ditt, kan du bruke linken «Har du glemt passordet ditt» på innloggingssida.
Har du ikkje ein BookBites-brukar frå før?
Då opprettar du ein ny brukar i Biblio. Du treng ei gyldig e-postadresse og eit lånekort frå folkebiblioteket. Slik går du fram:
- Last ned appen
- Du finn Biblio i App Store, Google Play, eller i nettlesaren på https://biblio.app
- Opprett ny brukar
- Trykk på profilbildet øvst til høgre.
- Trykk på Logg inn eller opprett ny brukar.
- Pass på at du vel riktig land øvst. Trykk Fortsett med e-post.
- Oppgje ei gyldig e-postadresse og lag eit passord.
- Aksepter føresetnadane og trykk Opprett konto.
- Vel den kommunen der du har eit bibliotek du kan låne bøker frå med lånekortet ditt.
- Legg til lånekort og pinkode
- Lånenummer og pinkode finn du på https://bibliotekkortet.no/.
- Tillat datainnsamling og aksepter vilkår og føresetnadar
- Oppgje fødselsåret ditt under Profil – Innstillingar – Personleg informasjon
- for å få bokhyller som passar til alderen din.
Treng du hjelp?
Du finn fleire rettleiingar på help.biblio.app
