Gater jeg har levd
- Forfattar:
- Nikolai Torgersen
«Gater jeg har levd» er ein overraskande velskriven og sterk debut av kunstnar Nikolai Torgersen. Han fortel usminka og ærleg om ein hard oppvekst prega av uro og ustabilitet, med foreldre som gjorde så godt dei kunne men som ikkje strakk heilt til.
Historiane hans knytast opp til gater han har budd i og tidspunktet han har budd der, dette utgjer overskriftene på kvart kapittel. Forteljinga hoppar i tid, men gjev likevel eit nyansert og samansett bilete av situasjonar, hendingar og livsperiodar som har prega han personleg, men som også har danna grunnlaget for kunstnarskapet hans.
Torgersen legg ikkje fingrane mellom i dei råe skildringane sine, men han blir aldri sentimental eller bitter. Eg sat difor att med ei kjensle av respekt og beundring for ein sterk personlegdom, heller enn medynk og tristheit. Ei sterk forteljing om ei sterk sjel. Eg ynskjer meg fleire bøker, Nikolai!
Boka er anbefalt av Janne Mari – Stad bibliotek Nordfjordeid
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- Månadens boktips