Bokomslag Anne-Cath. Vestly

Anne-Cath. Vestly – mye mer enn Mormor

Anne Helgesen har skrive ein god og gjennomarbeida biografi om forfattaren og stemma som vi berre kjenner som «heile Noreg si mormor». Anne-Cath. Vestly har sett spor etter seg i norsk litteraturliv, og er sjølve stemma frå barndomen for fleire generasjonar.

Denne nye biografien belyser fleire sider av Anne-Cath. som sjølv har uttalt: «jeg er mer enn bare mormor». Ho kjempa hardt både for seg sjølv og for kunsten, og fekk kanskje ikkje den anerkjenninga ho burde i si samtid. Denne biografien gjev henne det!

 

Bokanbefalinga er skriven av Janne Mari – biblioteket Nordfjordeid

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok