Bokomslag Biblioteket i Paris

Biblioteket i Paris

Forfattar:
Janet Skeslien Charles
Omsetjar:
Kirsti Heggli
Lån boka

Biblioteket i Paris er ei perfekt bok å drøyma seg bort i på seine sommarkveldar når ein likevel ikkje kan reisa nokon stad. Før og etter krigen (i boka) vel og merke!

Vi følgjer den unge bibliotekaren Odile først i Paris opp mot andre verdskrig og bidraget hennar i motstandsbevegelsen, så følgjer vi med vidare når ho reiser til USA. I USA/Montana i 1983 møter vi den unge jenta Lily som akkurat har mista mora si. Odil er ikkje som dei andre småby damene Lily kjenner til, og litt etter litt blir dei to kjende med kvarandre.

Dette er absolutt ei kjærleiksbok, eller eit kjærleiksbrev? Kjærleik mellom kjærastar, mellom venner og ikkje minst kjærleik til bøker og biblioteket.

Biblioteket i Paris er basert på verkelege hendingar frå andre verdskrig. Boka vart utgitt i samband med 100-årsjubileet til Det amerikanske Biblioteket i Paris!

 

Omtalen er skriven av Mai Elise Hammer, Stad Bibliotek

Kategorier: 
Boktips