Bygdebok for Eid: band 2
- Forfattar:
- Steinar Furnes
Eid sogelag har teke på seg den omfattande oppgåva med å skrive ny bygdebok for Eid, og no er band 2 i serien på 5 klar!
I denne utgåva finn du omtale av gardane frå Frislid til Navelsaker på nordsida av Hornindalsvatnet, og gardane Holmøyvikja til Skrede på sørsida av vatnet. Både band 1 og 2 er ført i pennen av Steinar Furnes, og det er eit solid og imponerande stykke arbeid som no er klart til utlån! Dette er ei glede og ei nyting for alle som er glade i lokalhistorie eller slektsgransking. Alle banda er også rikt illustrerte med bilete av både nyare og eldre dato.
Hovudbiblioteket har også band 1 og band 5, som tidlegare er utkome i serien, du finn dei på lokalsamlinga vår!
Bokanbefalinga er skriven av Janne Mari – Stad bibliotek