De udødelige
- Forfattar:
- Chloe Benjamin
- Omsetjar:
- Knut Johansen
Året er 1969, det er sommarferie og søskena Simon, Klara, Daniel og Varya held på å kjeda seg i hjel. Dei har høyrt om ei spådame som blir sagde å kunna føreseia når ein skal døy, og dei fire bestemmer seg for å testa om det er sant.
Ein og ein går dei inn til dama for å høyra kva ho har å seia.
Spådommen dei fekk skal følgja dei fire barna resten av livet deira.
Det som trefte meg med denne boka er kvar forskjellig dei fire reagerer. Ein skulle tru at ein ville gjera det beste ut av livet når ein visste når ein skulle døy, men denne spådommen blir meir ein forbannelse enn noko anna.
Omtalen er skriven av Mai Elise Hammer, Stad Bibliotek
- Kategorier:
- Boktips,
- Månadens boktips