Kveld på biblioteket

Guten i forteljinga er med mamma på biblioteket etter stengetid.  Dette kan dei gjere fordi pappa jobbar der. Både mamma og han elskar bøker, både nye og litt eldre. Kveldsturane på biblioteket er høgdepunkta i veka. Denne biletboka er ein hyllest til boka og biblioteket. Ho er stemningsfull og fin. Passar for aldersgruppa 3-9 år.

Bokanbefalinga er skriven av Eli, Stad bibliotek Nordfjordeid