Bokomslag Laura Dean driver og dumper meg

Laura Dean driver og dumper meg

Forfattar:
Mariko Tamaki
Omsetjar:
Solberg, A. Audhild
Illustratør:
Valero-O'Connell, Rosemary
Lån boka

Freddy er kjempeforelska i Laura Dean, den mest populære jenta på skulen. Den dagen dei blei saman var den beste i Freddy sitt liv! Problemet er berre at Laura er ein heilt elendig kjærast. Freddy blir stadig dumpa, og deretter tatt tilbake igjen.

Kva skal ein gjere når ein er så altfor forelska? Betyr forelskinga at dette er det rette å satse på? Freddy må finne ut kva som er rett for ho og kven av dei ho har rundt seg ho faktisk vil prioritere.

Vakkert, gjenkjenneleg og sårt om forelsking, vennskap og ungdomstid. Grafisk roman for ungdomstrinnet.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva, Askøy folkebibliotek.

Kategorier: 
Boktips til ungdom