Norske filmklassikere: Døden på Oslo S
- Forfattar:
- Einar Aarvik
Er du eit barn av 80-talet, som framleis huskar kjensla av DumDumBoys sin filmmusikk dundre utover kinosalen, og den intense jakta på Lena gjennom skitne Oslo-gater? Eller er du av Generasjon Z som nettopp har oppdaga både filmen og romanklassikaren, og har same klesstil som Pelle og Proffen hadde på 90-talet? Uansett kjem du til å like denne! Bokserien «Norske filmklassikere» på Falck forlag presenterer nettopp norske filmklassikarar, og her kjem du rett i kjernen på «Døden på Oslo S».
Boka består av intervju og kommentarar frå dei som var involverte i filmen, både foran, bak og rundt kamera. Vi får vite meir om bakgrunnen for manuset, personane som påverka det og korleis dei involverte opplevde det massive medietrykket rundt filmen, eit hysteri som varte i nær 4 år! Det er også eit tilbakeblikk på eit Oslo som sto i ei brytningstid mellom det gamle arbeidarprega bybiletet, og det nye, moderne som pressa seg fram, på bekostning av historiske og sjelfulle bygårdar.
Vil du verkeleg gjere ein heilaftan ut av dette, kan det anbefalast å både lese oppatt Ingvar Anbjørnsen sin slitesterke roman, og ta eit gjensyn med filmklassikaren frå 1990. Boka til Einar Aarvik utfyller både roman og film, og gjev deg ein større forståing og oppleving av begge deler.
Boka er anbefalt av Janne Mari – Stad bibliotek avd. Nordfjordeid
- Kategorier:
- Boktips til ungdom,
- Boktips til vaksne