Bokomslag Silhuett av en stemme

Silhuett av en stemme

Forfattar:
Yoshitoki Oima
Omsetjar:
Ellen Haugan
Illustratør:
Yoshitoki Oima
Lån boka

Manga-sjangeren er ein populær sjanger blant ungdom, og etter å ha lese «Silhuett av en stemme» er det lett å skjønne kvifor!

Vi møter dei to japanske ungdomane Shoya og Shoko. Shoya er ein ung gut som kjedar seg, og som stadig gjer dårefulle gjerningar for å krydre kvardagen. Då det startar ein ny jente i klassa, den høyrslehemma Shoko, brukar han alle krefter på å mobbe, plage og fryse ut Shoko. Til slutt flyttar Shoko, og Shoya blir både ramma av dårleg samvet, pluss at han får heile klassa mot seg grunna det han har gjort.

Mange år seinare plagar det dårlege samvetet Shoya framleis, og han bestemmer seg for å lære teiknspråk og oppsøke Shoko for å be om unnskyldning. Dette møtet tek ei dramatisk vending.

Ei nydeleg historie om mobbing, kjensla av å vere mindreverdig og å stå opp både for seg sjølv og det ein har gjort. Dette er bok éin i ein serie på sju bøker som kjem i 2025 og 2026, så her er mykje å gle seg til!

 

Boka er anbefalt av Janne Mari – Stad bibliotek Nordfjordeid

 

Kategorier: 
Boktips til ungdom,
Boktips til vaksne