Vegetarianeren
Denne boka traff meg som ein knyttneve. Sjeldan har eg lese ein roman som er så sanseleg, så eksplisitt, så tvetydig og så ubehageleg på ein og same tid!
Historia krinsar kring den unge kvinna Yeong-hye, som etter ein sterk og skummel draum går over til å bli vegetarianar. Etter kvart sluttar ho heilt å ete, og denne aversjonen mot mat blandar seg og går over i mentale vrangforestillingar der ho kjenner seg meir og meir som ein plante, og mindre og mindre som eit menneske. I alle fall meiner familien hennar at det er vrangforestillingar ho har.
Gjennom boka sine tre delar opplever vi Yeong-hye si historie fortalt gjennom hennar ektemann, svoger og syster, som alle på sin måte forsøkjer å hjelpe Yeong-hye gjennom desse problema. Dei er alle knytte til kvarandre gjennom ulike slektskapsforhold og relasjonar, men etter kvart opplever vi at dei i bunn og grunn er svært einsame, og det er ikkje berre Yeong-Hye som slit med å takle kvardagen. Og kven er den sanne forteljaren i denne historia?
Ei merkeleg leseoppleving, men utvilsomt ei leseoppleving som vil sitte i ryggmergen lenge.
Boka er anbefalt av Janne Mari – Stad bibliotek Nordfjordeid
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok