Vindmakeren

Forfattar:
Maja Lunde
Illustratør:
Lisa Aisato
Lån boka

Endeleg! Bok nummer tre i årstidskvartetten frå Maja Lunde er her! Denne boka følgjer i kjølvatnet av Snøsøsteren og Solvokteren.

I denne boka møter vi Tobias, som bur i eit land som har vore råka av krig. Når sommarferien kjem blir alle borna sende ut av landet, medan alle foreldre blir heime for å arbeide. Tobias gledar seg veldig til ein fin sommarferie, men blir veldig skuffa når han kjem til ein sur, gammal mann som bur ute ved havet.  Men etter kvart kjem han på sporet av eit mysterium – kven er i grunnen den mystiske Vindmakeren?

Ei nydeleg bok for både store og små!

 

Bokanbefalinga er skriven av Janne Mari – Stad bibliotek