Vi opnar frøbibliotek!

Måndag 10. mars kl. 20:00 inviterer vi til opning av det nye frøbiblioteket på Nordfjordeid! Frøbiblioteket er eit samarbeid med Grøn integrering på Nordfjordeid. Her kan du låne deg frø, så dei heime, hauste frø av plantane som veks opp, og levere desse frøa tilbake til biblioteket!

Du kan lese meir om korleis frøbiblioteket fungerer på desse sidene.

Opninga skjer etter at Dennis Asbjørnsen har helde foredrag i operasalen om kjøkenhagar! Dennis blir med oss under opninga, og her kan du også låne deg frø, slå av ein prat med Dennis, få gode dyrkingstips frå Grøn integrering eller låne fine hagebøker!

Velkomne til opning!