Opning av frøbibliotek

Dato

Tid

Stad

Biblioteket på Nordfjordeid

Vi opnar frøbibliotek!

Hurra – vi opnar FRØBIBLIOTEK! 🤩🥕🥦🌿
Saman med Grøn Integrering på Nordfjordeid har vi gleda av å invitere til opning av det heilt nye frøbiblioteket vårt måndag 10. mars kl. 20.00! 🥳
🍎 Dennis Asbjørnsen held foredrag i kinosalen kl. 19.00, og blir også med på opninga vår! 🥳 Vi samlast i biblioteket etter foredraget til opning, frø-låning og gode samtaler om dyrking. Dennis sel og signerer også bøker utover kvelden.
🥦 Denne kvelden kan du kome og låne deg frø, eller få meir informasjon om korleis frøbiblioteket fungerer! Akkurat no inneheld frøbiblioteket frø av blodbeger, ringblomst, kosmos, tagetes, stokkrose, kornblomst, dill, grønkål, sukkererter og solsikke.
🍓 Har du frø du har lyst å donere til frøbiblioteket? Vi tek gjerne i mot, og du kan gjerne ta dei med deg allereie denne kvelden! 😍 Les meir her om kva frø du har lov å levere inn, og korleis du gjer det!
Velkomne til ei kjekk stund på biblioteket! 😍🍓🥦
Trykk gjerne SKAL på Facebook-arrangementet vårt!