Tre arrangement på tre dagar!

15. – 17. november er det arrangement i fleng på Stad-biblioteka!

Fredag 15. november er skuleelevar i Selje og på Stadlandet inviterte til biblioteket i Selje. Der kjem teikneserieskapar Therese G. Eide for å teikne og fortelje om Magnus Lagabøtes landslov! Besøket er ein del av den offisielle markeringa av landslovsjubileet til Vestland fylkeskommune.

Laurdag 16. november kl. 13:00 får vi besøk av Marthe Holien Bø som les frå den nye boka si “Ni løgner og jakta på eit smil”! Etter forteljarstunda kan du delta i ei løgnløype på biblioteket, og det blir også moglegheit til å kjøpe signerte bøker. Dette er ein del av programmet til Familielaurdag på Operahuset.

Søndag 17. november kl. 17:00 blir det nytt forfattarmøte. Då kjem Solveig Mork Holmøyvik og les frå si nye bok “Ro deg ned! Om sinne, kvinner og solidaritet”. Gratis inngang og enkel servering. Du treng ikkje billett.

Du kan lese meir om arrangementa ved å trykke på lenkjene.

Og du – ikkje gløym at måndag 25. november får vi besøk av forfattar Halvor Folgerø med foredraget “Historiar om ferjefolket”. Foredraget er gratis, men merk at her treng du ein gratisbillett – denne bestiller du her!